OM OSS
Linjestrekk AS er eit lokalt eigd firma som var etablert i 2005, den gang som Linjestrekk DA.
I 2016 vart drifta flytta over til Linjestrekk AS. Linjestrekk AS har lager og verkstedlokaler på Hoff i Viksdalen.
Vi har lang og brei erfaring innan bygging og vedlikehald av distribusjons- og regionalnett, veglys, lysløyper og fibernett med meir.
Fleire av våre kundar har vore med oss heilt sidan starten. Det ser vi på som ei tillitserklæring som vi kvar dag yter vårt beste for å behalde.

